07

mar
2016

07 mar 2016

Vasstraumen i ein lukka merd

Strømningsberekning vert kalla Computational Fluid Dynamics (CFD), og kan brukast til å simulere strøymande fluider, ein fluid er enten ein gass (til dømes luft) eller ei væske (til dømes vatn).

Med ei strømningsberekning kan ein simulere væskestraum eksternt (til dømes utvendig rundt ei lukka merd) eller internt (til dømes innvendig i ei lukka merd) eller begge deler samtidig (for eksempel eit luseskjørt som er både lukka og ope samtidig).

Det vanlege er at modellforsøk av/med fluidstraum vert utførde ved å byggje ein fysisk modell av ein konstruksjon, tilsetje ein fluid, og så setje konstruksjonen eller fluiden i bevegelse, og så måle hastigheit, trykk etc. med avanserte måleinstrument, og fotografere med avanserte kamera etc. Ei strømningsberekning gjev om lag same resultat som eit «modellforsøk», bortsett frå at dette er eit modellforsøk utført på datamaskin.

FIguren ovanfor viser eit 1m langt typisk utsnitt av ein lukka flytande merd brukt til oppdrett av kveite. Vatnet kjem inn i merden i røret til venstre, det vil sei gjennom dei små hola i røret. Vatnet strøymer til høgre (på tvers av merden) ut gjennom sida, dvs. gjennom dei 3 område til høgre (små hol i sida).

Ved hjelp av ei strømningsanalyse kan vi finne fram til vasstraumen i karet, vi kan finne hastigheiter og trykk og dessutan kartlegge turbulens og virveldannelse i karet. programvaren nyttar NavierStokes likningar, og er difor så nøyaktige som det går ann å vere med dagens teknologi.

Dette er eksempel på berekningar MAR leverer til oppdrettsnæringa. MAR leverer og same type analyser av væskestraum eller gasstraum utført for andre bransjar som offshore, utstyrsbransjen osv..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *