02

feb
2016

02 feb 2016

Oppdrettsmerdar for eksponert lokalitet

MAR dimensjonerte fyrste konseptet for eksponert lokalitet til oppdrettar Salmar i 2012-2013. Ein stålmerd med dimensjonar på 160*160m. Sjå figur under.

SALMAR_Konsept1

Byljekreftene på slike lokalitetar aukar vesentleg så snart det er åpe hav inn mot ein oppdrettslokalitet. Der kjem lange byljer frå gamal sjø (dønning) inn frå åpe hav, i tillegg til dei «ferske» byljene som er vindgenerert og som fyl vindretninga. Også straumkreftene kan være store på eksponerte lokalitetar, og for anlegg med store nøter vert det tilsvarande store straumkrefter. Ved dimensjonering av konstruksjonar som skal liggje på slike lokalitetar er det naudsynt å ha god kjenskap til lastverknadane i konstruksjonen, utmatting er eit døme på ein av lastverknadane. Og det er ei utfordring å dimensjonere forankringsystemet til merdar på eksponerte lokalitetar. MAR har kompetanse på Marine Operasjonar ifrå offshore industrien, og det kjem til nytte både ved dimensjonering av konstruksjonar og forankring.

Ein såkalla eksponerte lokalitet vil ikkje være i ein skjerma fjord, men ute ved kysten, der det er påverknad frå sjø frå ope hav. Tanken er at der er det betre plass, og mindre arealkonflikter slik det kan være inne i fjordane. Dei lærde strides om det og er slik at dei biologiske forholda (til dømes lusepåslag) er betre der ute. Merdane vert kanhende konvensjonelle åpne merdar (dvs. fisken går i nøter). Merdane må tåle store byljekrefter, og det er store straumkrefter på merd og på anlegg, og det kan vere ei utfordring å setje folk ombord og hente dei på merden.

Ta kontaktog be om eit tilbod dersom du ynskjer å realisere din merd på din eksponerte lokalitet!

 STORM I

MAR har erfaring med dimensjonering av oppdrettsanlegg for eksponerte lokalitetar. Det fyrste anlegget, ARCTIC FARM, bygd ved Midsund Bruk AS, vart sjøsett i desember 1989, og var forankra ved Dryna, ytterst i Moldefjorden på ein lokalitet med Hmax på ca. 6m. Dette anlegget vart brukt til oppdrett av laks samanhengande i perioda frå 1989 til ca. 2010-2012 av MICO Fiskeoppdrett AS. Anlegget er framleis i bruk og ligg etter det vi veit no nermare Midsund sentrum.

Det andre anlegget var STORM I, som er vist på biletet ovanfor. Det vart sjøsett ca. i 2001. MAR var ansvarleg for all dimensjonering av dette stålanlegget. Dette 2-burs anlegget med integrert forlager var lenge forankra i Boknafjorden, og vart i den perioden utsett for byljer frå åpent hav.

Dette viser at det er muleg å byggje stålanlegg som kan nyttast på eksponerte lokalitetar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *