22

feb
2016

22 feb 2016

Lukka flytande merd til kveiteoppdrett

Kveitemerd

MAR har igjen teke på seg nye og ukjende utfordringar som høyrer med når ein ny og uprøvd flytande konstruksjon skal dimensjonerast. Denne flytande merden skal huse oppdrettskveiter i store mengder. Det er oppdrettsfirmaet AGA Halibut AS ( som no heiter Tubilah AS) som har «tenkt utanfor boksen» og som har vist MAR tillit ved å inngå avtale om dimensjonering av denne konstruksjonen. Den fyrste (stålkonstruksjon) vart sjøsett ca. i 2014 og denne siste versjonen (stål+glasfiber) skal sjøsettast til våren 2016.

Konstruksjonen har uvanleg lite djuptgåande og er difor svert ulik andre lukka merdar, og kombinasjonen liten T og stort B/T-forhold gjer at konstruksjonen samstundes er svert ulik eit skipsskrog i same storleik. Dvs. at konvensjonell teori/erfaring ikkje kan nyttast utan vidare, og det er berre direkte berekningar som eignar seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *